Stryn Frivilligsentral:

Høg aktivitet i Dataklubben

Dataklubben er ein møteplass på «Triangelen» i Stryn sentrum for alle som ønskjer å trene på bruk av PC/nettbrett eller tileigne seg meir kunnskap.

Nyttig: – Eg er ikkje åleine om alle spørsmåla som melder seg. Det er likt for alle, seier Bjarne Svarstad. Her får han assistanse av Marit Skrede, leiar for Frivilligsentralen i Stryn.  Foto: Berit Melheim

Nyhende

Ønskjer ein å lære å laste ned program, har problem med bruken av PC/nettbrett, eller ønskjer ordforklaringar, vil ein få god hjelp til dette og mykje meir.

– Vi likar ikkje å kalle det kurs, det kan kanskje verke litt avskrekkande. Vi ønskjer å gjere bruken av PC/nettbrett ufarleg og få bort tastaturskrekken, seier Marit Skrede, leiar for Frivilligsentralen i Stryn.