Balanse i stammen:

Hjortejegerane «hausta» 61 tonn i 2018

Det vart felt 1.220 dyr under hjortejakta i indre Nordfjord i haust. 1.051 i Stryn, 169 i Hornindal. Det er litt færre enn i fjor, og medelvekta går stadig nedover.

Kjevemerking: – Innsamling av kjevar er viktig både for å sjå aldersutvikling, og også kontrollere oppfylling av bestandsplan, meiner miljøvernleiar Odd Rønningen.  Foto: Inge Fænn

Nyhende

– Etter to år med god avskyting og to harde vintrar, er det von om at hjortestammen byrjar å bli i balanse etter år med stor vekst, seier miljøvernleiar Odd Rønningen. Han viser til tala for 2018, som viser at det er felt meir vaksne hodyr og færre spissbukkar. Det ser han som positivt. Det vert også felt om lag like mykje hodyr og hanndyr av kalv. Det er også eit positivt teikn.

– Det blir stadig stilt spørsmål om vi treng halde fram med innsamling av kjevar?