Inviterer til trivselsdag i skibakken

Familedag: Skisentra håpar på mange blide fjes, både i og ved bakken når dei inviterer til Familiedag i samarbeid med DnB.  

Nyhende

Førstkomande søndag blir det tilrettelagt for ekstra aktivitet i skisentra i Hornindal, Stryn og på Utvikfjellet. Bakgrunnen er eit nasjonalt prosjekt i regi av DNB, Familiedager i bakken, der folk vert invitert til skitrekka rundt om i landet. Rimelege dagskort og gratis busstransport er noko av det som skal få folk ut - med eller utan ski.

Også kommunane er på bana for å legge til rette for eit lågterkseltilbod søndag.

- Kommunen vil setje opp gratis busstransport frå Strynehallen og til Breimsbygda skisenter og Stryn skisenter denne dagen, fortel Myrtel Janne Thomassen ved kulturavdelinga. Ho oppmodar om å sjå etter annonse i lokalavisa for detaljar kring dette.

Kåseri og felespel på Utvikfjellet

Tilrettelegging med bålpanner og skileik er noko av det som vil møte publikum.

På Utvikfjellet og Breimsbygda Skisenter er tanken å gjere litt ekstra ut av denne dagen. Der vert det også underhaldning. John Oddvar Kandal vil fortelje om idrettsmannen, friluftsmannen og spelemannen Gabriel Reed, og saman med anna tonefylgje spele slåttar av denne allsidige mannen som har fått bauta på fjellet.

Rimelege heiskort er ein del av opplegget, og dette er noko interesserte kan lese meir om på heimesidene til dei ulike skisentra.