Ny nattkontroll ved Kjøs bru

Illustrasjonsbilde.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Natt til onsdag gjennomførte Statens vegvesen ein tungtransportkontroll  ved Kjøs bru.

Ein førar vart meld for brot på køyre- og kviletidsregelverket. Tre andre førarar fekk advarsel for brot på same regelverk. Tre førarar måtte rydde i frontruta. Ein førar hadde ikkje merka køyretøyet tilstrekkeleg.