Super-Bø vann igjen:

Bø tangerte Bjørndalen

Johannes Thingnes Bø held fram i suveren stil og tok torsdag sin 12. siger for sesongen.  Foto: Svein Halvor Moe

Nyhende

Johannes Thingnes Bø gjorde eit kjempeløp i kulda i Canmore. Med tjue treff og eit solid langrenn var det ingen som kunne truge årets suverene verdscupleiar. Og med sin 12. siger tangerte han også Bjørndalen sin gamle rekord når det gjeld tal sigrar i ein og same sesong.

Normaldistansen i Canada var redusert frå 20 til 15 kilometer grunna kulden. Siste dagane har det vore ned mot 25-30 minusgrader, men i følgje dei offisielle tala var det "berre" 14 kalde grader då løpet vart avvikla torsdag. Grunna redusert distanse var det 45 sekund straffetid i staden for eit minutt.

- Eit vanvittig bra løp. Tenkte ta det som trening. Prøvde gjere ting enkelt og roleg. Gjekk berre to rundar i tet sjølv, elles hang eg på folk i tre rundar, fortalte Bø til NRK etter løpet.

- Det var eit superløp, kunne han slå fast.

Vetle Sjåstad Christiansen imponerte også, og med ryggen til Johannes som inspirasjon store deler av løpet kapra han andreplassen, trass to bom. Han enda vel to minutt bak Bø.

I morgon er det stafett som står på programmet før Canada-opphaldet blir avslutta med fellesstart laurdag. Tarjei Bø står over løpa i Canada og USA.