Mork Rehabiliteringssenter:

Foreslått lagt ned i 2020

Ei arbeidsgruppe i Helse Møre og Romsdal foreslår å samle rehabiliteringstilbodet i Ålesund. – Fullstendig uakseptabelt, seier Hornindalsordføraren som set spørsmålsteikn ved arbeidsgruppa si truverdigheit.

Morksenteret: Mork Rehabiliteringssenter er foreslått nedlagt av ei arbeidsgruppe i Helse Møre og Romsdal. Arbeidsgruppa får kritikk for ikkje å ha med representantar frå verken Aure eller Mork. Foto: KJELL ARNE STEINSVIK, Møre-nytt  Foto: KJELL ARNE STEINSVIK

Nyhende

– Dette er svært dramatisk for oss, seier tillitsvalt ved Mork rehabiliteringssenter, Marte Husøy til Møre-Nytt etter at ei arbeidsgruppe i Helse Møre og Romsdal foreslo ein driftsmodell der spesialisert rehabilitering i fylket vert samla ved Ålesund sjukehus.

Om dette blir vedtatt av styret i helseføretaket vil det bety nedlegging av rehabiliteringstilboda både ved Aure og på Mork. Sistnemnde i 2020.