Utval for utvikling:

Gir konsesjon på vilkår om utleige

Ein omstridd leigeavtale stod sentralt i ei sak om konsesjon i Hornindal. Vedtaket vil gi presedens for liknande saker i framtida, meiner utvalet.

Konsesjon: Matias Lunde har fått konsesjon for overtaking av gnr. 181/6 på vilkår om at eksisterande utleigeavtale vert vidareført ut avtaleperioden på ti år eller til anna vert avtala mellom partane.  Foto: arkiv

Nyhende

Ein konsesjonssøknad frå Matias Lunde førte til stor diskusjon i utval for Utvikling onsdag. Utvalet var ikkje i tvil om å gi søkjar konsesjon, men ikkje utan vilkår. Sentralt i saka ligg ein 10-årig jordleigeavtale mellom tidlegare eigar av garden Undis Nortun Vellene og Eline Fannemel.