Held suksessen fram?

Canada: Johannes Thingnes Bø skal prøve å sanke fleire verdscuppoeng, denne gong i Canada og USA.  Foto: Thomas Thaule (arkiv)

Nyhende

Etter ei veke pause er verdscupen i skiskyting i gang att, denne gong på den andre sidan av Atlanteren.

Canada og USA står for tur for Johannes Thingnes Bø og kompani. Stryningen håpar å halde fram den gode sesongen som til no har gitt 11 verdscupsigrar.

Det er kaldt i Canada for tida, og dagens normaldistanse over 20 km er korta ned til 15 km. Laurdagens stafett er flytta til fredag. Fellesstarten går laurdag.

Tarjei står over

Tarjei Bø står over løpa i Canada og USA. Han prioriterer å førebu seg heime til VM i Östersund om ein dryg månad. Han skal også delta i EM i Kviterussland i slutten av denne månaden.