Kommunen med garantiar for Arena Stryn

Nyhende

Eit samrøystes Stryn kommunestyre vedtok i møte tysdag å stille kommunal garanti i form av simpel kausjon for både byggjelån 37,8 millionar og spelemidlar 11 millionar i høve byggetrinn 1 basishall/turnhall Arena Stryn.

Garantien for byggjelånet gjeld fram til bygget er ferdig og lån er innfridd, maks inntil 3 år. Kausjonen inkluderar også garanti for spelemidlar til prosjektet. Denne gjeld i 20 år etter ferdigstilling.

- Dette er ei kjempepositiv sak. Prosjektet er fullfinansiert og det har vore jobba godt. Dette er noko som kjem turngruppa til gode, kommenterte Sonja Øvre-Flo (H).

Ho tok samstundes til orde for at ein for framtida vurderer å setje av ein pott til denne typen garantiar.

- Vi burde ha ein pott i høve spelemidlar slik at lag og organisasjonar kan tørre å søkje. Eg håpar det er noko vi kan ta med inn i budsjettprosessen, sa Øvre-Flo.