Helseminister Bent Høie:

Legg ansvaret på helseføretaket

Helseminister Bent Høie (H) meiner helseføretaket har ansvaret.

Helseminister: Bent Høie (H) legg alt ansvar på Helse Møre og Romsdal og Helse Midt Norge.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Situasjonen kring Mork Rehabiliteringssenter er kritisk og fleire har tatt til orde for at helseministeren må på bana og meine noko om situasjonen.

- Mork rehabiliteringssenter, som har bygd opp eit velrennomert kompetansetilbod gjennom 45 år, står no i fare for å bli lagt ned på di vakt. Kva kan du som helseminister seie om denne saka?

– Eg er kjend med at Helse Møre og Romsdal held på å greie ut ulike omstillingstiltak. Det er styret i Helse Møre og Romsdal som skal ta stilling til eventuelle endringar i tilbodet til pasientane.
Det er Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Norge som har ansvar for å levere forsvarlege tenester til befolkninga, seier helseminister Bent Høie (H) til Fjordingen.

Les også: - Eg hadde vore sosialklient utan hjelp frå Morksenteret

Høie legg til grunn at omstillingar gjennomførast slik at ein syt for at ansvaret er oppfylt og at kravet om forsvarlege helsetenester til befolkninga gjeld også ved eventuelle omstillingar i rehabiliteringstenestene.

- Regjeringa sitt krav til sjukehusa er at endringar i rehabiliteringstilbodet skjer gjennom opne prosessar der brukarar, tilsette og råka kommunar trekkast inn, seier Høie.

Les også: Nordfjordrådet slår ring om Morksenteret

Les også: Mork Rehabiliteringsenter tek jamleg imot pasientar frå Nordfjord og Sogn og Fjordane