Meir slitte tungbildekk

Nyhende

Fleire kontrollar av tunge køyretøy den siste tida har avslørt mange vogntog med slitte dekk.

Også ein kontroll ved Kjøs natt til torsdag førte til nye seks gebyr for utslitte dekk. I tillegg fekk fem førarar advarsel for brot på køyre- og kviletidsregelverket og to førarar måtte rydde frontruta før vidare køyring.