Nye Volda Sp: Dimmen på topp, Engelund på andre

2. plass: Eldar Engelund frå Hornindal er nr. to på nye Volda Sp si liste.   Foto: Roy Aron Myklebust (arkiv)

Nyhende

– Det har vore kamp om plassane i Volda Sp, det er mange som vil bidra til utvikling.

Det seier Ragnhild Aarflot Kalland i Volda Sp i ei pressemelding. Ho seier at det no er opp til veljarane korleis det nye kommunestyret vil bli sjåande ut.

– Vi har tru på eit godt val, og vi har ei sterk og god liste med mange gode kandidatar. Målet er seks representantar i kommunestyret, seier Aarflot Kalland.

Lista til Volda Senterparti ser slik ut:

1. Sølvi Dimmen, 2. Eldar Engelund, 3. Hans Peter Eidsetflot, 4. Rebecca Riise Bjerknes, 5. Ingvild Rydjord Hansen, 6. Ledvin Skjerdal, 7. Dag Aarflot, 8. Tollak Mikal Kaldheim, 9. Ola Perry Saure, 10. Andrine Støverstein, 11. Pål Ruben Seljeset, 12. Per Larsgård Steinsvik, 13. Linda Nedrelid Vatne, 14. Ingrid Salt, 15. Marte Utvær, 16. Sigurd Bogen Saure, 17. Lise Charlotte Ekros, 18. Ragnhild Bjørkedal, 19. Svein Homberset Skjåstad, 20. Ingrid Nerås Krogsæter, 21. Kristian Haugen, 22. Solveig Nikkinen, 23. Iselin Marita Riise, 24. Anders Bueide, 25. Margun Kathrin Haugen, 26. Hogne Homberset, 27. Ingunn Løset, 28. Aleksander taraldset, 29. Jannicke Kroken, 30. Morten Brenne, 31. Rasmus Kirkhorn.