Heldt føredrag i Stryn og i Hornindal:

Eventyrtime med Peder Kjøs

Vi veit at livet ikkje alltid er problemfritt. Psykolog Peder Kjøs brukte eventyr for å synleggjere at vegen gjennom livet er full av utfordringar.

Lite som forstyrra: Peder Kjøs brukte lite hjelpemiddel, berre ein flip-over. Bodskapen var å ha realistiske mål det er mogeleg å nå.  Foto: Anne-Mari Aalberg

Nyhende

Dei vel 200 i Honndalshallen sist måndag kjenner nok eventyret om Rødhette og ulven. Men har nokon tenkt at eventyret handlar om sjølve livet? At historia som er fortald gjennom generasjonar, er metaforisk vidareføring av kunnskap om vegen gjennom livet? Ikkje rart psykolog Peder Kjøs heldt folket fengsla.


Gjeld deg

Peder Kjøs synte til at etternamnet er frå Kjøs der farfaren hadde barndomen sin. Faren vaks opp på Maurset og flytta seinare austover.