Johannes og Norge suverene i stafetten

Johannes Thingnes Bø gjekk på det norske vinnarlaget under verdscupstafetten i Canada.  Foto: Vegard Breie

Nyhende

Johannes Thingnes Bø gjekk ankeretappen då Norge sigra i suveren stil på fredagens verdscupstafett i Canmore.

Etter å ha auka forspranget til Frankrike frå knappe 9 sekund ved veksling, og til 50 sekund etter første skyting, var det aldri tvil om kven som skulle vinne. Bø gjekk som vanleg raskt og trong til skilnad frå dei fleste andre ikkje ekstraskot på sine skytingar. Han kunne roe heilt ned på siste runde og starte restitusjonen til morgondagens fellesstart.

Også lagkameratane la eit svært godt grunnlag på dei tre første etappane, med få ekstraskot og ingen strafferundar, under krevjande forhold med mange minusgrader og tidvis trekkfullt i dei kanadiske løypene.

Norge vann føre Frankrike og Russland på tredjeplass.

Slik gjorde Norge det på dei ulike etappane:

1. etappe, Lars Helge Birkeland:

1.sk.: 1 ekstraskot

2.sk.: 1 ekstraskot

Veksla som nummer 2, +3,6 sek. Frankrike i leiinga.

2. etappe, Vetle Sjåstad Christiansen:

1.sk.: 1 ekstraskot

2.sk.: 1 ekstraskot

Veksla som nummer 1, - 22,9 sek. føre Frankrike.

3. etappe, Erlend Bjøntegaard:

1.sk.: 1 ekstraskot

2.sk.: 2 ekstraskot

Veksla som nummer 1, - 8,7 sek. føre Frankrike.

4. etappe, Johannes Thingnes Bø:

1.sk.: -------

2.sk.: -------

I mål som nummer 1, - 1.10 min.