Dagens leiarartikkel

Klar melding til Høie

Volda sjukehus bør bli akuttsjukehus også for Hornindal og Nordfjord, i dei tilfelle Nordfjord sjukehus ikkje er eit reelt alternativ.  Foto: Hannah Sofie Flaten

Det er på tide at helse-minister Bent Høie seier kvar skapet skal stå

Nyhende

Etter lang tids frustrasjon over at helseføretaka ikkje tek ansvar og praktiserer ein saumlaus ambulanseavtale over helseføretaksgrensa, har Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel teke bladet frå munnen og sendt eit klart signal til helseminister Bent Høie. Ordføraren bed no om at honndølene får nytte Volda som akuttsjukehus i overgangsperioden før samanslåinga med Volda. Vel og merke i dei tilfelle Nordfjord sjukehus ikkje er eit reelt alternativ.

Dette temaet er like gammalt som Kvivsvegen sin eksistens. Allereie før opninga av E39 mellom Grodås og Volda vart det stilt forventningar om at også helseføretaka tok inn over seg at ein måtte setje pasienten sitt beste i fokus, og ikkje økonomien i kvart enkelt helseføretak. Medan helseføretaka gjorde avtale om at kvinner i Nordfjord kunne nytte fødeavdelinga ved Volda sjukehus, verkar det til å vere kraftig motstand i Helse Førde om å nytte Volda som næraste akuttsjukehus til dømes ved trafikkulukker, ulukker i skianlegg og andre hendingar. I staden vert ambulansane sendt den lange vegen til Førde. Med den konsekvens at pasienten vert påført ein betydeleg lenger reiseveg før han eller ho får kyndig medisinsk hjelp, og med den konsekvens at det tek betydeleg lenger tid før ambulansane er tilbake i distriktet.