Skal vurdere veg til både Tonningsetra og Tverrfjellet

Politikarane var samstemte då kommunal veg til Tonningssetra vart diskutert i kommunestyret; – Vi må tenkje større og ta med Tverrfjellet.

Heilskapleg: Fleire av kommunestyrerepresentantane tok til orde for ei meir heilskapleg tenking når ein no skal greie ut vegtilkomst for hytteområda ved Stryn Vinterski.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

I kommunestyret tysdag stod gjennomfartsveg til Tonningssetra på sakskartet. Det er i samband med detaljreguleringsarbeidet i området at framlegget om ein kommunal veg til Tonningssetra har dukka opp. Dette eventuelt gjort i dialog med Tinde Hytter og som ei forlenging av tilkomstvegen til hyttefelta dei no skal byggje ut. I dag er det berre hytteeigarar i Bøasætra Hyttefelt som har tilgang på veg så høgt i terrenget vinterstid.

Inge Arne Bøe (H) tok til orde for at ein her burde tenkje større når ein først skulle sjå på vegutløysing. Han peika på Tverrfjellet og at det her allereie er 75 hytter og med potensial for 250 nye, og vidare at grunneigarane i dette området har vore rause og avsett grunn til løypenettet i 40 år, medan dei sjølve har mangla ein veg vinterstid.