Vellukka jobbmesse i Loen

- Viktigast at jobbsøkande og arbeidsgjevarar får treffast

– Det viktigaste med denne jobbmessa er at jobbsøkjande og arbeidsgjevarar får møte kvarandre, seier Silje Opheim frå NAV Rekrutteringsteam Nordfjord som stod som arrangør.

Rosa arrangøren: Ein engasjert ordførar Sven Flo opna jobbmessa i Loen onsdag, og gav honnør til arrangøren NAV Rekrutteringsteam Nordfjord. Bak frå venstre: Atle Jan Føleide, Ingunn Henny Åland, Silje Opheim, Håvard Lofnes, Susan Stavøstrand, Siv Barmen, Monica Osvold, Helga Husevåg og Ingunn Husevåg.  Foto: Berit Melheim

Litt færre besøk i år enn i fjor. Årsaka kan vere at talet på arbeidsledige er mindre i år

Nyhende

40 bedrifter frå Nordfjord stod klar med kvar sin stand der dei fekk profilere bedriftene sine og presentere rekrutteringsbehovet sitt overfor dei trehundre jobbsøkjande som møtte opp på jobbmessa på Hotel Alexandra i Loen sist onsdag.