150 kubikk gjødsel på avvegar

På Avvegar: 100-150 kubikk gjødsel var på avvegar i morgontimane laurdag. Det vart etter kvart laga utstikk i snøen slik at ein fekk styrt gjødselet vekk frå vegen.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Ein lekkasje i ein gjødselstank på Lødøen i Hornindal vart oppdaga i 07-07.30-tida laurdags morgon.

- Det var litt uvisst kor ståda var. Bonden hadde fått stengt av, men det rann ein del nedover vegen og var også kome heilt ned på E39, fortel Ståle Hatlelid i Brannvesenet i Hornindal. Han og mannskap rykka ut og kunne konstatere at heile vegstrekket frå barnehagen og ned til kyrkja var bada i gjødsel.

I vegbana: Mykje av gjødselet nådde E39, frå barnehagen i vest til kyrkja i aust.  Foto: Bengt Flaten

 

Det vart etter kvart laga barrikadar og utstikk i brøytekantane, slik at ein fekk styrt det rennande gjødselet ut av Lønsvegen, og hindra meir å kome ned på E39.

-Kor mykje gjødsel kan det vere snakk om som har rent ut?

- Eigaren tippar det kan vere snakk om 100-150 kubikk, fortel Hatlelid.

Skitjobb: Fleire mann var i sving med vask og spyling av E39.  Foto: Bengt Flaten

 

Laurdag føremiddag i 11-tida var mannskapet i sluttfasen med å spyle og gjere reint på E39.

- Så det var reine vårstemninga i lufta i Hornindal i dag?

- Ja, eg kjende lukta omtrent i det eg kom ut av Kjøsatunnellen, ler Hatlelid.

Han oppmodar bilistar om å framleis ta det litt roleg gjennom området, for å unngå at ein får gjødseldusj oppetter bilane.