Henden Drageset nr. 21

Tilbake: Jonas Henden Drageset, Olden IL.  Foto: Privat

Nyhende

Jonas Henden Drageset frå Olden vart nummer 21 i utfor då Fartsuka gjekk av stabelen på Hafjell sist helg.

Henden Drageset fekk notert tida 1.13,56, og var 2,55 sekund bak vinnaren Johan Hagberg. Det var over 80 startande i rennet.

Til dagleg er han elev ved Norges Toppidrettsgymnas på Lillehammer, og har akkurat starta å konkurrere igjen etter eit beinbrot i fjor haust.