Vil ha sommar-SFO

– Det må finnast ei løysing, meinte utvalet for Oppvekst og Helse som gjekk i mot tilrådinga om å droppe sommar-SFO i Hornindal i år

Viktig – Tilbod om sommar-SFO kan vere avgjerande for om folk vi busette seg her, meinte Nina Lødøen Øen (V). Utvalet var samd om ny runde med utgreiing om SFO.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Rådmannen baserte tilrådinga om ikkje å utvide SFO (skule- og fritidstilbod) i fire veker på manglande ressursar i budsjettet. Spørsmålet er om tilbodet i staden skal organiserast på sjølvkostprinsipp der foreldra betalar kostnadane sjølve.