Campingdrivar etterlyser tiltak i Lodalen

Turid Sande Beinnes etterlyser i brev til kommunen eit møte mellom turistnæringa, grunneigarar og kommunen om utfordringane i Lodalen.

Villcamping: Turid Sande Beinnes og medarbeidar Katrina Freia Rismane ved Sande camping. Dei opplevde i fjor sommar ein auka pågang frå campingturistar som fann seg til rette i Lodalen utanfor campingplassane, men som ønska å nytte fasilitetane deira. No etterlyser Beinnes tiltak før komane sesong så ein slepp at problema gjentek seg.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Drivaren av Sande Camping uttrykkjer ei viss bekymring, med fjorårets utfordringar friskt i minne og ein sesong som er få månader unna.

– Vi tykkjer at det byrjar å haste med ein dialog der vi kan både få kartlagt kva bedriftene har gjort og har planar om å gjere, og kva kommunen har mulegheit til å få sett i verk, skriv Beinnes. Ho viser elles til møtet kommunen har hatt med grunneigarane på Breng, Tyva og Haugen.