Handball 3. divisjon damer:

Ein god start er ikkje alltid nok

Tøff motstand: Etter ein god start skulle Stryn etter kvart få meir enn nok med å forsvare seg mot BSI.  

Nyhende

Det byrja så bra for Stryn sine handballdamer i heimekampen mot BSI søndag føremiddag. Etter fem minutt var Stryn i leiinga 4-0. Og det mot eit lag som hadde slege Gloppen 40-15 dagen før.

Men etter den noko tafatte starten frå eit av topplaga i avdelinga, vart det snart rolleskifte og gjestane som overtok føringa frå omlag halvvegs i første omgang og ut kampen.

Stillinga var 10-15 til pause, og framleis håp, men alt for mange brende sjansar og dårlege avslutningar gjorde at Stryn aldri kom skikkeleg inn att i kampen.

Resultatet vart til slutt 18-29.