Per Bolstad plass i fugleperpektiv

Forslag til utsmykking av nye Per Bolstad plass, vinter og sommar, sett ovanfrå. Vinterbildet viser blant anna flyttbar skøytebane like ved Isehaug, og ein juletrefot til julegrana midt på plassen. Om sommaren og resten av året kan sirkelforma benkar, blomsterkasser og salsboder flyttast vekk, slik at plassen blir open ved store arrangement.  Foto: Skisse: Thea Nesdal/ Aaland Arkitektkontor AS

Nyhende

Sist veke vart skissene til idear til møblering av nye Per Bolstad plass presentert.

Forslaga går blant anna ut på flyttbart møblement, salsboder og kunstig isbane. Denne skissa viser korleis plassen kan sjå ut ovanfrå, både om vinteren og om sommaren.

Arbeidet er godt i gang, og etter planen skal Per Bolstad plass vere klar til bruk 9. mai.