Rekorddeltaking på UKM

Til fylkesfinalen: 19 år gamle Anders Flore frå Stryn stilte med to flotte foto i kunstavdelinga. Biletet øvst med tittel " Fjell Parallell" fekk mykje ros frå juryen og går vidare til fylkesfinalen. Det andre biletet har tittel "Strynefjellsvegen".   Foto: Anne-Mari Aalberg

Nyhende

101 deltakarar var med frå Hornindal og Stryn då UKM (Ung Kultur Møtes) 2019 gjekk av stabelen laurdag. Arrangementet strekte seg over 4 1/2 time før dei som tok seg vidare til fylkesfinalen vart annonsert. Mellom dei to kunstfoto.

Det var elles stor breidde i sjanger og framføringar. Somme deltok for første gong medan andre er velkjende UKM-deltakarar. I tysdagsavisa har vi meir om den fine stemninga, prestasjonar og sjølvsagt eit knippe bilete frå kvelden.