Simon Hjelmeset Kirkeeide, Markane IL, bytta vekk børse og LM i skiskyting med norgescup langrenn denne helga. Søndag gjekk han til ein 19. plass på 10 km skøyting, M19/20 år. Ein klasse som talde 202 deltakarar.
Kirkeeide var 1.43 minutt bak vinnaren Håvard Moseby frå Kjelsås IL. Etter drygt 3 km av løpet låg Kirkeeide heilt oppe på 8. plass, berre 15 sekund bak tet, men fekk det litt tøft utover på dei siste sju kilometrane.
Også Hardbagg-løpar Vegard Skrede hadde teke turen til Åsen, og gjekk inn til ein 64. plass i same klasse, 2.55 min. bak vinnaren.
Laurdag gjekk Kirkeeide sprint. Der tok han seg heilt til semifinalen og plasserte seg mellom dei 12 beste i sin klasse.