Stryn går for siger

Ny kamp: Ivana Kresic og Stryn møter BSI i Strynehallen søndag.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Søndag skal Stryn sine handballdamer prøve å gjenskape den gode innsatsen frå sist helg.

Stryn overraska alle med å halde storfavoritten og topplaget Tertnes til uavgjort 24–24 i Strynehallen sist helg.

Søndag ventar ein ny heimekamp, denne gong mot studentlaget BSI frå Bergen. Om Stryn kjem opp på nivået som mot Tertnes skal BSI, som ligg på fjerdeplass, passe seg.

– Det einaste eg kan love er at vi vil kjempe på same måte som sist, seier trenar Igor Dokmanovic. Av spelarane som var med sist så må han klare seg utan høgrekant Kristine Asperheim Reitan mot BSI. Til gjengjeld kan det hende at bakspelar Iva Borovac blir klar att etter skade.