Vil ha felles landbrukskontor

Hornindal vil inngå avtale med Ørsta og Volda om felles landbrukskontor.

Samarbeid: Hornindal ønskjer felles landbrukskontor med Ørsta og Volda.  Foto: Oddrun Midtbø/NPK

Nyhende

Ørsta kommune har meldt om manglande ressursar til å halde fram tenester knytt til landbruk i Hornindal og har behov for ei prinsipiell avklaring frå kommunestyret. Spørsmålet er om Hornindal vil drøfte ein mogleg vertskommuneavtale med Ørsta og Volda kommune om eit felles landbrukskontor før 01.01.20.

Utvalet for Utvikling vedtok samrøystes rådmannen si tilråding om at Hornindal kommune startar drøftingar med Ørsta og Volda kommune om felles landbrukskontor frå våren/sommaren 2019.

Saka skal vidare handsamast i både formannskap og kommunestyre.