Stryn og Hornindal med rekordstor UKM-deltaking:

Ein vanskeleg jobb for UKM-juryen

101 deltakarar inkludert programleiarparet Sol Alme Brendefur og Truls Bakke Flåm inntok UKM-arenaen i Stryn kulturhus laurdag.
Nyhende

UKM er «Ung kultur møtes», og engasjerer breitt. Når kreativitet, originalitet, kontaktevner og kvalitet ligg som bakteppe om kven som får billett til fylkesfinalen, fekk fagjuryen i Stryn kulturhus litt av ein jobb. 14 fantastiske kunstuttrykk konkurrerte om å bli utvald. Det same gjorde 35 sceneinnslag der alle kriterium var innanfor oppsette krav.

Fylkesfinalen for Sogn og Fjordane går av stabelen i Måløy den siste helga i mars.