Hærverk ved Telegrafen

Slik såg det ut på ved Telegrafen søndag.   Foto: Fjordingentipsar

Nyhende

I helga har vandalar vore på ferde ved Telegrafen, der Stryn frivilligsentral og ungdomskafeen held hus. Knust blomsterpotte, plante og mold låg strødd utover fortauet ved inngangspartiet. I følgje styreleiar for Telegrafen ungdomskafé, Anndi Bergset, er det ikkje første gong.

- Nei, fleire blomsterpotter har også blitt øydelagt tidlegare, fortel ho. Dei veit ikkje kven som står bak.

Også innandørs har dei nyleg opplevd hærverk. Her vart heilt nye biljardkøller knekt av. I dette høvet veit dei at det er ungdomar som har øydelagt. Dette er også noko av årsaka til at dei har valt å stenge kafeen ut månaden.

- Det er dumt at det skal skje så mykje ved det einaste ungdomslokalet. Det er også eit hus brukt av heile bygda, så alle må ta vare på det, seier Bergset.