Landbrukstoppane i Hornindal, Volda og Ørsta samla seg:

– Mange er ikkje klar over driveplikta

Møte om driveplikt: Representantar frå Ørsta kommune, Volda kommune, Hornindal kommune, Møre og Romsdal bondelag, dei lokale bondelaga og fylkeskommunen var samla i Ørsta torsdag.  Foto: Joachim Åsebø, Møre-Nytt

Nyhende

(Møre-Nytt): Fylkeskommunen, bondelaga og kommunane tek grep for å gjere innhaldet i bu- og driveplikta kjent for grunneigarane.

Når du har ein eigedomsrett så følgjer det med ein del plikter på at jorda blir driven. Viss du ikkje driv sjølv så pliktar du å skrive ein tiårig leigeavtale med nokre som kan drive.