Nær kvart femte gardsbruk lagt ned dei siste ti åra

Frå 2008 til 2018 er nesten kvart femte norske gardsbruk – 18,9 prosent – lagt ned, viser tal frå SSB.
Nyhende

I 2018 vart drygt 700 nye gardsbruk lagt ned, tilsvarande 1,8 prosent, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB). Det er noko lågare enn den årlege utviklinga i perioden frå 2008 til 2018, då det i fleire år vart lagt ned rundt tusen gardsbruk.