Dagens leiarartikkel:

To år med ledebil

To av dei tre tunnelane på Strynefjellsvegen skal få nytt el-anlegg. Det betyr blant anna betre lys.  Foto: Bengt Flaten

Står det så dårleg til, er det ingen grunn til å protestere mot oppgradering

Nyhende

Statens vegvesen har no ute på anbod oppdraget med å oppgradere, det vil seie byte ut el-anlegget i Grasdalstunnelen og Ospelitunnelen på rv 15. Arbeidet er tenkt starta opp til hausten, og betyr ifølgje vegvesenet sin byggjeleiar to år med ledebil gjennom tunnelane. Arbeidet er tenkt lagt opp slik at entreprenøren gjer seg ferdig med ein tunnel først, og deretter den neste.

Dåverande samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen reiste eins ærend til Stryn i fjor sommar for å fortelje den gledelege avgjerda om at dagens tre tunnelar på Strynefjellsvegen skal erstattast med ein ny, lang tunnel frå Skåre til Breidalen, og med mulegheit for arm til Geiranger. Difor er det mange som lurer på om oppgradering av el-anlegget i gamle tunnelar som likevel skal erstattast, verkeleg er nødvendig.