Tidlegare i vinter var den lovande honndølen i aksjon i Youth Cup i kombinert i Granåsen i Trondheim. Dette er ein internasjonal konkurranse som vert arrangert parallelt med enkelte verdscuprenn. Jenter og gutar frå ti ulike nasjonar var i aksjon der Torje konkurrerte i den yngste klassa, 13–15 år. Det vart 13. plass begge dagar på den kapasitetssterke utøvaren som håpar å etablere seg blant dei fem beste på alderstrinnet i løpet av vinteren.
– Hovudmålet mitt i vinter var å få det til her, og seinare i Solan Gundersen-meisterskapet som er eit slags uoffisielt NM i kombinert for aldersbestemte klasser. Der vart eg nummer sju førre vinter. I år håpar eg å bli blant dei fem beste dersom eg lukkast i hoppbakken. Det er der eg har mest å hente i høve dei beste.