Unge handballspirar

Det var full rulle i Strynehallen i nær sju timar til endes då dei yngste handballspelarane var samla til turnering i helga.

Mini-handballturnering: Nær ti klubbar deltok på mini-handballturneringa i Strynehallen. Her er det Vikane, gutar 9 år, som er i angrep mot Haugen/Stårheim/Eid.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Turneringa var for spelarar i aldersgruppa 6-9 år, og ni klubbar frå dei tre kommunane Gloppen, Eid og Stryn var representert på bana. Nokre i samarbeid for å stille lag, slik som Haugen/Eid/Stårheim. Laga elles var Sandane, Fjellhug/Vereide, Breimsbygda, Bremanger, Vikane, og Stryn. Sistnemnde stilte med nær tjue lag fordelt på dei ulike årsklassane.