Første avtale til Belgia, Nederland og Luxembourg:

Vendanor ut i Europa

Vendanor, verksemda som produserer automatar blant anna for gassflasker, har fått første kontrakt utanfor Norden.

Vendanor ut i Europa: F.v. Harold Wieldraaijer, Espen Førde, Tayan Gopalapillai og Josef Mahrik.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

– Dette verdset vi høgt, seier dagleg leiar Harold Wieldraaijer om kontrakten inngått med selskapet Antargaz.

– Utan at dei har vore i Stryn, men utelukkande på referansar, har dei inngått avtale om eit pilotprosjekt med oss, der vi leverer ti gassautomatar som skal plasserast ut ulike strategiske stader i dei tre landa Belgia, Nederland og Luxembourg. Avtalen har ei ramme på 2,5 millionar kroner og er noko vi har arbeidd med i to år før signaturen vart sett på papiret, fortel Wieldraaijer.