Fannemel ikkje overraska over VM-vraking:

– Har ikkje noko der å gjere

Satsar vidare: Anders Fannemel har planar om å satse vidare, trass i svake resultat denne sesongen.  Foto: Tadeusz Mieczynski

Nyhende

(Sunnmørsposten): Alexander Stöckl fann ikkje plass til Anders Fannemel i Norge sin hopptropp til ski-VM. Det kom ikkje som nokon overrasking på honndølen.

– Nei, eg har faktisk ingenting der å gjere, slik eg hoppar no. Denne sesongen har vore veldig skuffande for meg, og eg ønskjer ikkje å dra til Seefeld utan at formen er der. Og det er den ikkje, seier ein betutta Fannemel.

– Eg hadde ein del gode treningshopp før Willingen, og hadde faktisk håpa å prestere bra i renna der denne helga. Men der skar det seg fullstendig igjen, sukkar han. Resultata til Fannemel i Willingen var til å grine av. Han kom ikkje med på Norge sitt lag i lagkonkurransen, og i begge dei to individuelle renna måtte han sjå 2. omgang frå sletta.

Landslagsplassen i fare

– Det er det tekniske eg slit med. Eg veit kva jeg gjer feil, men ikkje søren om eg klarar å fikse det. Det som vanlegvis er så lett og som eg gjer automatisk, er plutseleg så utruleg vanskeleg å få til når det gjeld.

– Kva no, Anders?

– Sesongen er jo ikkje slutt, vi har jo blant anna igjen skiflyging i Vikersund. No må eg finne meg bakkar å trene i, og eg håpar å få sleppe til i Holmenkollen ein del. Eg trur det er ein fordel for meg å få hoppe i ulike bakkar, ikkje berre i Lysgårdsbakken heime på Lillehammer.

Han veit at landslagsplassen heng i ein tynn tråd.

– Klart det. Men det går an å nå toppen utan å vere tilknytta landslaget, det har vi hatt mange døme på. Reint økonomisk så dekkjer sjølvsagt skiforbundet mange utgifter for dei som er med på landslaget, men eg tener ikkje en krone på det å vere landslagshoppar. Du må prestere, og det har ikkje eg gjort denne sesongen.

– Men du skal fortsette?

– Ja, det skal eg. Det er jo dette eg kan! Sjølv om det ikkje ser slik ut akkurat no.

Teknisk trøbbel

Måndag sat Fannemel og dei øvrige norske hopparane på flyplassen i Frankfurt og venta på at teknikarane skulle fikse flyet dei skulle dra til Norge med.

– Det er ikkje berre eg som har tekniske problem, tydelegvis, sa Fannemel og humra.

Juniorverdsmester Thomas Aasen Markeng tok VM-plassen frå Fannemel. Dermed består det norske laget av Johann André Forfang (Tromsø), Halvor Egner Granerud (Asker), Robert Johansson (Søre Ål), Andreas Stjernen (Sprova) og Thomas Aasen Markeng (Lensbygda).

Denne saka vart først publisert i Sunnmørsposten.