Hoppsjefen: - Eit enkelt uttak

Ingen Fannemel til VM

Bir heime: Anders Fannemel vart ikkje teken ut til VM.  Foto: Tadeusz Mieczynski

Nyhende

Anders Fannemel var ikkje blant dei fem som måndag vart tekne ut til VM i Seefeld.

Med Daniel Andre Tande uaktuell grunna skade var det eit lite håp om at honndølen skulle få klarsignal til VM. Men då dei fem uttekne hopparane vart presentert var ikkje Fannemel blant desse.

Johann Forfang (Tromsø SK), Halvor Egner Granerud (Asker), Robert Johansson (Søre Ål), Thomas Aasen Markeng (Lensbygda) og Andreas Stjernen (Sprova) er dei fem norske herrehopparane som kan førebu seg på VM.

- Uttaket vart eigentleg ganske enkelt til slutt. Dessverre har ikkje Anders klart å finne fram til si beste hopping så langt i år. Han kjem forhåpentlegvis til å bruke tida godt fram mot Raw Air, seier hoppsjef Clas Brede Bråthen til Fjordingen.

– Det var ikkje nokon overrasking dette. Eg har lite å gjere i eit VM per dags dato, seier Fannemel til NRK.