NM-sølv til Gunn Kristi Tvinnereim

Sølv: Gunn Kristi Tvinnereim tok NM-sølv på normaldistansen.  Foto: Roy Aron Myklebust (arkiv)

Nyhende

Gunn Kristi Tvinnereim, Hardbagg/Stryn vgs, gjekk inn til ein imponerande sølvmedalje på normaldistansen då skiskyttarjuniorane gjekk NM-distansen på Østre Toten fredag. Med fire bom på dei fire skytingane var Tvinnereim berre 16,4 sekund bak vinnaren, Eivor Melbybråten, frå Øystre Slidre/NTG Geilo. Også Melbybråten bomma fire gonger.

- Dette er eg fornøgd med, seier Gunn Kristi til Fjordingen. Ho fortel at skytinga var heilt grei, og at ho var heldig i og med at dei andre bomma og. For kvar bom vart det 45 sekund i tillegg.

Ingrid Heggen, Stårheim/Stryn vgs, vart nummer 23, medan Maria Bertine Sleire Tistel, Vik/Stryn vgs, vart nummer 27. Anne Marie Roset vart nummer 31 i klasse K19.

Tvinnereim viser god form for tida, og for 14 dagar sidan tok ho landslinja i Stryn sin første siger i norgescupen.

I klasse M17 låg Bendik Vereide, Stårheim/Stryn vgs, lenge an til eit palløp der godt 60 deltok, men tre bom på  siste skyting gav til slutt 9. plass. Her vart Oskar Guddal Breivik, Markane/Stryn vgs, nummer 12. Ask Haughovd, Stårheim/Stryn vgs, tok 21. plass, og Jens-Henrik Hegg, Vik/Stryn vgs, 28. plass.

I klasse M18, med 72 deltakarar, tok Magnus Midthjell Gjørven ein flott 20. pass. Magnus Iver Seljeset, Hornindal/Stryn vgs, vart nummer 25, Martin Aaland, Hardbagg/Stryn vgs nummer 58, og Torjus Engset Woldsund, Volda/Stryn vgs, nummer 62.

Simon Hjelmeset Kirkeeide, Markane/Stryn vgs, gjekk inn til 14. plass i klasse M19.

Erlend Bakken, Markane, skaut godt, og med berre to bom vart han til slutt nummer 18 i klasse M20-21. Isak Hopland, Hardbagg,  vart nummer 21, Aksel Mathias Meland,Markane/Team Glalaks nummer 44, Vegard Skrede, Hardbagg/Team Glalaks, nummer 51 og Håkon Midthjell Gjørven nummer 53.

Laurdag er det norgescup sprint på programmet, søndag står NM i mix stafett for tur.