Ny norgescuprunde for skiskyttarane

Vann sist: Gunn Kristi Tvinnereim, Hardbagg IL/Stryn vgs, vann sist i norgescupen.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Våre lokale skiskyttarar tek turen til Østre Toten og nye løp i norgescupen.

Nordfjord Team stiller med følgjande utøvarar: Maria Sleire Tistel, Jens Henrik Hegg, Oselie Henden, Oskar Guddal Breivik, Ask Haughovd, Bendik Vereide, Ingrid Heggen, Gunn Kristi Tvinnereim, Sivert Raddum Skaug, Torjus Engeset Woldsund,Martin Aaland, Magnus M. Gjørven, Magnus Iver Seljeset, Simon Hjelmeset Kirkeeide, Anne-Marie Roset, Aksel Mathias Meland, Isak Hopland, Håkon M. Gjørven og Erlend Bakken. Også Vegard Skrede (Hardbagg/Team Gladlaks) er med av lokale løparar.

Fredag er det normaldistanse med NM for junior, laurdag sprint og søndag NM mix-stafett, skriv Nordfjord Team i ei pressemelding.