Tarjei til topps i EM

NY MEDALJE: Tarjei Bø sitt gull på sprinten var hans andre medalje i årets europameisterskap.  Foto: Ragnar Singsaas (Arkiv)

Nyhende

Trass i ein bom på første skyting klarte Tarjei Bø å klatre til topps på EM-sprinten i Minsk.

Bø var sett på som ein av dei store favorittane på den andre konkurranse-dagen i europameisterskapen i skiskyting, og  han leverte varene.

Inn til første skyting hadde han skaffa seg eit lite forsprang på konkurrentane, men med ein bom på standplass falt han noko tilbake. Den gode farta i sporet plasserte han likevel i angrepsposisjon inn på andre skyting.

På ståande skytinga var Bø offensiv då han skaut raskt og feilfritt. Ut frå skyting låg han fem sekund bak svenske Jesper Nelin, men ein fantastisk siste runde var det ingen som klart å halde følgje med Markane-løparen, og Bø vann til slutt 10,6 sekund føre Nelin.

Bø går dermed ut i tet på jaktstarten søndag.

Øvrige norske plasseringar:

10. plass Håvard Gutubø Bogetveit (Førde IL),  19. plass Endre Strømsheim, 25. plass Aleksander Fjeld Andersen, 27. plass Fredrik Gjesbakk, 43. plass Tore Leren.