11. plass på mix-stafetten

F.v: Gunn Kristi Tvinnereim, Magnus Midhjell Gjørven og Bendik Vereide  Foto: Nordfjord Team

Nyhende

Sogn og Fjordane enda på 11. plass på søndagens NM i mix-stafett.

Laget som bestod av Gunn Kristi Tvinnereim, Magnus Midthjell Gjørven og Bendik Vereide gjorde ein god jobb på standplass trass i noko vind. Til slutt måtte dei ut i til saman to strafferunder på stafetten.

Det haldt til 11. plass på stafetten av 32 lag. Buskerud sitt førstelag vann.

På Sogn og Fjordane 2 gjekk Ingrid Heggen, Magnus Iver Seljeset og Torjus Engeset Woldsund inn til 28. plass etter fem strafferunder.