Cupeventyr for Solheim og Hammarby?

Ny sesong: Mats Solheim og Hammarby har allereie starta sesongen. I fjor heldt klubben lenge følgje i toppen av Allsvenskan. Målet er gull denne sesongen. Solheim fortel at klubben har sikra seg fleire nye spelarar framfor komande sesong.  Foto: hammarbyfotboll.se

Nyhende

Mats Solheim og Hammarby er allereie godt i gang med sesongen i svensk fotball. Denne veka kom også Solheim på scoringslista.

Det var i cupkampen mot Varbergs BOIS at 30-åringen frå Loen fann vegen til nettmaskene for første gong på eit par sesongar.

Kvartfinale?

– Med denne kampen er pre-season offisielt over. Det er gruppespel i cupen no, og vi har to kampar att mot Eskilsminne og Dalkurd. Vi skal i utgangspunktet gå vidare frå den gruppa. Då er det eventuelt kvartfinale etter det.

Solheim spelte 35 minutt som venstreback i kampen, og scoringa hans kom fire minutt på overtid i 3–0 sigeren.