Langrenn:

Kjempeinnsats i hovudlandsrennet

Imponerte: Maren Hjelmeset Kirkeeide (t.v.) og Ann Kristin Aaland imponerte i Hovudlandsrennet i langrenn fredag.  Foto: Privat (arkiv)

Nyhende

Ann Kristin Aaland, Hardbagg IL, vart nummer seks i klasse J15 då hovudlandsrennet i langrenn gjekk av stabelen fredag. Distansen var 5 km fri teknikk.

Aaland gjekk inn til tida 14.35,9 og var med det 47,5 sekund bak vinnaren Julie Hammer frå Eidsvold Værks Skiklub. Opp til pallen var det berre 12 sekund for Hardbaggløparen.

Maren Hjelmeset Kirkeeide, Markane IL, var ikkje stort dårlegare med 12. plass i klasse jenter 16 år. Hjelmeset Kirkeeide fekk notert tida 14.33,8. Opp til pallen var det eit drygt halvminutt. Vinnaren Tuva Anine Brusveen-Jensen frå Lyn fekk tida 13.39,1.

Emilie Flo Stavik, Markane IL, vart nummer 24 i same klasse.

- Det er kanonforhold her på Gålå, seier Sigbjørn Kirkeeide i støtteapparatet.

Nærare 200 løparar deltek i dei ulike klassane, så det er ingen tvil om at prestasjonane er særs gode.

Laurdag er det klassisk sprint som står på programmet.