KM i futsal samlar 1.000 spelarar

KM: Loen/Vikane sitt jenter 15-lag er kvalifisert til KM-sluttspelet i futsal. 97 lag møtest for å kjempe om KM-titlane. Om lag 1.000 spelarar vil vere i aksjon, i tillegg til støtteapparat.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Stryn stiller med heile ni lag når KM i futsal for aldersbestemt går av stabelen på Sandane i helga. Loen/Vikane stiller i klasse jenter 15.

Laurdag spelar jenter og gutar 13 år og 15 år, samt junior menn, søndag spelar jenter og gutar 14 år og 16 år, samt junior damer.

G13, avd. 1: Stryn, Tambarskjelvar, Florø, Sogndal.

J13, avd. 1: Stryn, Syril, Førde 1, Gaular.

G15, avd. 1: Stryn, Dale, Vik, Førde 2.

J15, avd. 2: Loen/Vikane, Jølster, Dale, Kaupanger.

G19, avd. 4: Stryn, Jotun, Lærdal, Jølster.

J14, avd. 2: Stryn, Førde 1, Kaupanger, Heia.

G16, avd. 2: Stryn, Sogndal 1, Sandane, Eid.

J16, avd. 1: Stryn, Vik, Tambarskjelvar, Bjørn.

J19, avd. 1: Stryn 2, Gaular, Kaupanger 1, Vik, Svelgen.

J19, avd. 2: Stryn 1, Førde, Sandane, Kaupanger 2, Dale.

106 kampar laurdag og 101 kampar søndag skal avviklast på dei tre banene i Trivselshagen, noko som inneber nær 11 timar fotball begge dagar. Dette er det desidert største futsal-arrangementet i fylket, skriv arrangøren, Sandane TIL, i ei pressemelding.