Vikane med tredjeplass i futsal-KM

Vikane: Vikane-laget er sett saman av spelarar frå Innvik, Utvik og Olden. Håpet er at desse utgjer stammen i eit framtidig seniorlag.  Foto: Vikane IL

Nyhende

Vikane vart nummer tre i futsal-KM i klasse G19, og det med fleire av spelarane fødde i 2002–2004.

Etter ein siger, ein uavgjort og eitt tap i innleiande gruppespel gjekk Vikane vidare til kvartfinalen der Høyang stod på motsett banehalvdel. Det spennande oppgjeret vann Vikane 2–1. I semifinalen venta Sandane 1. Etter ein god start vart det til slutt tap 0–3. Dermed vart det bronsefinale, og med god moral og innsats sette dei Førde på plass med 2–0 i ein spennande kamp.

På laget spelte (bak f.v.) Håvard Johan Hilde, Steffen Melheim, Marius Sunde Haugen, Fredrik Melheim, Lars-Martin Melheim, Sondre Skåden Aarreberg, trenar Tord Bruland. Framme f.v. Kristian Sunde Reme, Steffen Sunde Reme, Henrik Melheim og Emil Drageset.

Stryn sitt gutar 15-lag spelte seg heilt fram til finalen i si årsklasse. Etter 2-0 over Sandane i semifinalen vart det eit knepent 0-1 tap for Førde 1 i finalen.

Også søndag er det sluttspelkampar på Sandane, denne gong for klassane 14 og 16 år samt junior damer.