Stryn tok seg vidare i cupen

Vidare: Trym Vatn Øvreberg og Stryn møter Sogndal og Førde om retten til å bli Sogn og Fjordane sin representant i NM Telenor Cup.  Foto: Thomas Thaule (arkiv)

Nyhende

Stryn sitt gutar 16-lag i fotball tok seg vidare i cupen etter 8–0 over Sandane onsdag.

Allereie etter to minutt låg ballen i nettet bak Sandane sin keeper. Stryn dominerte banespelet utover i omgangen, og til pause var stillinga 4–0 etter scoringar av Johannes Konstali-Lødemel, Trym Vatn Øvreberg, Trym Hogrenning og Lukas Leirgulen.

Andre omgang heldt fram som den første, og nye mål ved Anders Svarstad Hole (straffe), Jon Nesdal (straffe), Abdulbaset Aljajeh og Lukas Leirgulen sørga for ein komfortabel siger.

Stryn sitt lag: Jon Magnus Sollid, Anders S. Hole, Lukas Leirgulen, Jørgen Trøsken, Jens Aarnes Kleppe, Trym Vatn Øvreberg, Martin Sætre, John-Erlend Bø, Trym Hogrenning, Johannes K.-Lødemel, Saaed Tajik, Kasper B. Eide, Jon Nesdal, Abdulbaset Aljajeh.

Stryn møter no Førde og Sogndal i ein enkel serie om retten til å bli Sogn og Fjordane sin representant i NM Telenor Cup.