I dag startar VM i skiskyting:

Trur på seks VM-gull til Johannes

Gull: Trua på mange gullmedaljar til Johannes Thingnes Bø er stor blant oddsekpertane.   Foto: Ragnar Singsaas Photography

Nyhende

Oddsekspertar tippar seks gull til Johannes Thingnes Bø i VM i skiskyting. Sjølv om skiskyttarekspertar er skeptiske til at stryningen vil gå alle distansar, så er trua på gull stor blant oddsekpertane.

Seks gull?

– Johannes Thingnes Bø er vår favoritt til å vinne alle fire individuelle øvelsar, i tillegg til herre- og mixstafett, seier PR-manager Steffen Løvholen i Unibet i ei pressemelding.

– I tillegg har Norge gode medaljekandidatar i både Vetle Sjåstad Christiansen og Tarjei Bø i alle herreøvelsar, seier Løvholen vidare.

I ettermiddag er det mix-stafett, og Johannes Thingnes Bø stiller på det norske laget saman med Vetle Sjåstad Christiansen, Marte Olsbu og Tiril Eckhoff.

Laurdag går første individuelle renn (sprint). Søndag går jaktstarten.