Fv 60 Tomasgard–Røyrhus bru:

– Håp om ferdigstilling i 2023

Trass prishopp på 7,1 millionar kroner ville samferdselsutvalet i Møre og Romsdal halde fram reguleringsarbeidet av «verdas lengste berg og dalbane». – Svært gledeleg, seier desse tre.

På rett veg? Strandaordførar Jan Ove Tryggestad, leiar i Gode Vegar AS Svein Sunde og Hornindalordførar Stig Olav Lødemel ser fram til dagen når det lite flatterande skiltet bak kan skruast ned.   Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Dermed tok politikarane ikkje omsyn til dei uventa høge kalkylane for reguleringsarbeidet som kom fram i saksdokumenta før samferdselsutvalet handsame saka onsdag.