Skreiv masteroppgåve med sørpeskred som tema:

– Kan utløysast på flatmark

I samarbeid med NVE forskar geologen Sunniva Skuset på kva som ligg til grunn for sørpeskred. – Ein lumsk og tung flaumliknande type snøskred som gjer store skader, seier Skuset.

Forskar på snø: Geolog Sunniva Skuset frå Volda, busett på Lødemel i Hornindal, forskar på sørpeskred i samarbeid med NVE. – Det er mindre kunnskap om sørpeskred enn andre typar snøskred, seier ho.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Sunniva Skuset (27) er tilsett i ei engasjementstilling i Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE) I dag arbeidar ho med ei vidareføring av si eiga masteroppgåve; nemleg å utarbeide kva kriterium som ligg til grunn for utløysing av sørpeskred, slik at ein betre kan vurdere farenivå for sørpeskred.