Avsluttar trimmen med kaffi og mørk sjokolade

Spreke seniorar inntek Gym Stryn kvar veke.

Sprekingar: Åse Karsbakk og Vigdis Kirkeeide er faste deltakarar på seniortrimmen måndag og torsdag. Etter ein god time med trim og tøy vankar kaffi og mørk sjokolade.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Føremiddagene måndagar og torsdagar er det full rulle i Gym Stryn sine lokale. Då er ei stor gruppe seniorar samla til trening ved apparata. Og dette er langt unna «Trim for eldre», som vi over 40 år vaks opp med på NRK-TV på 80-talet. Her er kjøkkenstolane og stretch-buksene bytt ut med tights, romaskiner, vekter og tredemølle.